Elton John-klassikaren “Rocket Man” set ord på korleis mange ungdommar har det. Du kan verke tilsynelatande velfungerande, men ha utfordringar som pregar livet. Fleire og fleire opplever utanforskap, einsemd og følelsen av å ikkje passe inn. Og mange kjenner seg så utanfor at dei tyr til rusmidlar for å handtere kvardagen.
Jens Lunde Tusvik var ein slik gut. Han smilte mykje, var aktiv i idrettslaget og fungerte som rettleiar for andre. Men på innsida var ting kompliserte. Jens rota seg bort i rus, og tok ein ufrivillig overdose og døydde berre 21 år gammal.
Foreldra til Jens ønskte å snu tapet av sonen til noko positivt, og starta derfor Rocket-Man – eit prosjekt oppkalla etter favorittsongen hans. Prosjektet har fokus på å fange opp barn og unge som fell utanfor, som slit med rus, eller som står i fare for å gjere det.
Prosjektet skal drive aktivt førebyggjande arbeid for å hindre utanforskap blant barn og unge i alderen 13 til 18 år. Rocket-Man skal kvar dag arbeide målretta for å skape ein arena, eit miljø og eit aktivitetstilbod som fremjar tryggleik, tilhøyrsle, inkludering og meistring. Våre barn og unge skal kjenne at i vårt fellesskap kan dei vere seg sjølve, bli verdsette for den dei er, og få utfalde seg gjennom aktivitet. Alt arbeidet me gjer er gjennomsyra av dei tre grunnverdiane våre:

Ein aktivitetsguide er sjølve bærebjelken i prosjektet, og er grunnen til at me skil oss frå andre fritidsaktivetar. Det er ein ungdom mellom 18-30 år som organiserer aktivitet ein til ein eller fellesaktivitet for ungdomane i Rocket-Man. Det er ein lønna stilling, men den er også tufta på frivilligheit. Aktivitetsguidane er gode rollefigurar, nokon ungdomen kan prate med, ein god ven, og ein som passar ekstra på. Dei arbeider heile tida med relasjonsbygging, og er viktige inn i Rocket-Man fellesskapet. Lenger ned kan du sjå kven som arbeider som aktivitetsguide i Rocket-Man Sogndal.
Me har også trygge vaksne inn i prosjektet. Dette er vaksne frivillige som er med å støtte opp under fellesaktivitet ved at dei hjelper til med å organisere aktivitet. Dei bidrar også omsorg, kompetanse og livserfaring. Me ser på det som ein styrke at fellesskapet rommar menneskjer i alle aldrar med ulik bakgrunn og interesser.
Ønskjer du å bidra inn i prosjektet som trygg vaksen? Send gjerne ein e-post til sogndal@rocket-man.no
Me har ingen fast dag eller fast aktivitet, men er opptatt av å ha eit variert aktivitetstilbod fleire gongar i månaden. Me er innom det meste: alt i frå fart og spenning til rolege kveldar der me spelar spel og snakkar saman.
Me er innom det meste innanfor friluftsliv, idrett, kunst, kultur, gaming, praktisk handarbeid – aktivitetsguidane og ungdomane blir einige saman om kva me skal gjere.
Det viktigaste er at fellesaktiviteten er med på å bygge fellesskap, og at ungdomen får oppleve tryggheit, tilhøyrsle og meistring.






