
Elton John-klassikaren “Rocket Man” set ord på korleis mange ungdommar har det. Du kan verke tilsynelatande velfungerande, men ha utfordringar som pregar livet. Fleire og fleire opplever utanforskap, einsemd og følelsen av å ikkje passe inn. Og mange kjenner seg så utanfor at dei tyr til rusmidlar for å handtere kvardagen.
Jens var ein slik gut. Han smilte mykje, var aktiv i idrettslaget og fungerte som rettleiar for andre. Men på innsida var ting kompliserte. Jens rota seg bort i rus, og tok ein ufrivillig overdose og døydde berre 21 år gammal.
Foreldra til Jens ønskte å snu tapet av sonen til noko positivt, og starta derfor Rocket-Man – eit prosjekt oppkalla etter favorittsongen hans. Prosjektet har fokus på å fange opp barn og unge som fell utanfor, som slit med rus, eller som står i fare for å gjere det.
Prosjektet skal drive aktivt førebyggjande arbeid for å hindre utanforskap blant barn og unge i alderen 13 til 18 år. Rocket-Man skal kvar dag arbeide målretta for å skape ein arena, eit miljø og eit aktivitetstilbod som fremjar tryggleik, tilhøyrsle, inkludering og meistring. Våre barn og unge skal kjenne at i vårt fellesskap kan dei vere seg sjølve, bli verdsette for den dei er, og få utfalde seg gjennom aktivitet.



Rocket-Man har ingen fast dag eller fast aktivitet, men er opptatt av å ha eit variert aktivitetstilbod fleire gongar i månaden. Me er innom det meste: alt i frå fart og spenning til rolege kveldar der me spelar spel og snakkar saman. Det er det som skil oss frå mange andre fritidstilbod, her får ungdomen oppleve mykje innan friluftsliv, idrett, kultur, gaming og praktisk handarbeid. Det viktigaste er at fellesaktiviteten er med på å bygge fellesskap, og at ungdomen får oppleve tryggheit, tilhøyrsle og meistring.







